Høgare utdanningstilbod på Vestlandet og i Agder-fylka
Abstract
Rapporten presenterer ein oversikt over høgare utdanningstilbod på Vestlandet og i Agder-fylka med særleg vekt på næringsretta tilbod. Utdanning for helse- og sosialsektoren dominerer kandidatproduksjonen. Nest største gruppa er lærarutdanning, medan økonomisk-administrativ utdanning inntek tredjeplassen. Til saman står desse for om lag halvparten av uteksaminerte kandidatar sidan 2001. Teknisk og naturvitskapleg utdanning står for om lag ein fjerdedel av kandidatproduksjonen. Dei fleste er utdanna i IKT-fag og i biologi og kjemi. Utdanningar som er spesialiserte i retning av yrkesval innanfor strategiske næringar på Vest- og Sørlandet, havbruk, fiske, petroleumsindustri og annen energiproduksjon er forholdsvis små.
Publisher
Stein Rokkan Centre for Social StudiesSeries
1-2006Notat