Show simple item record

dc.contributor.authorHolmås, Tor Helge
dc.contributor.authorMonstad, Karin
dc.contributor.authorRydland, Håvard T.
dc.date.accessioned2024-05-23T08:06:00Z
dc.date.available2024-05-23T08:06:00Z
dc.date.created2024-05-21T10:16:37Z
dc.date.issued2024
dc.identifier.isbn978-82-8408-321-6
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3131182
dc.description.abstractKartlegginga av arbeidsretta tiltak blant sjukmelde viste at i perioden 1.1.2011-31.12.2018 var det 56937 tilfelle (4,3 prosent) der eit arbeidsretta tiltak tok til under sjukefråværet. Tiltaksmottakarane er gjennomsnittleg yngre, men elles negativt selekterte på ei rekkje bakgrunnskjenneteikn. Fylkes-tilknytning er ein viktig faktor for sannsynet for tiltak. Mange tiltak startar seint i sjukepengeforløpet. Regresjonsanalysen, der instrument-variabel-metoden (IV) og matching er brukt, viste seg å ikkje gje kausale estimat for effekten av tiltak. Det vi måler, er derfor assosiasjonar. Dei viser at å få eit arbeidsretta tiltak som startar under sjukemeldinga er assosiert med ugunstige utfall (lengre sjukemelding, større sannsyn for overgang til AAP, lågare sannsyn for å gå tilbake til den same jobben og til å vera i jobb året etter sjukemeldinga slutta). Det synest rimeleg å rekna med at seleksjon har påverka resultata i ugunstig retning. Analysen kan ikkje brukast til å konkludera om omfanget av tiltak bør endrast for denne gruppa. Effekten av tilgang til helsetenester har vi analysert både når det gjeld variasjon i ventetid, avviste tilvisingar og tilgang til Rask psykisk helsehjelp (RPH). I desse analysane har vi brukt ulike metodar. Resultata frå ein IV-analyse gjev oss grunn til å tru at lokale ventetider påverkar lengda på sjukefråværet for somme langtidssjukemelde med ein somatisk sjukemeldings-diagnose. Effekten er knytt til fråvær blant sjukemelde med L-diagnosar. I analysen av Rask psykisk helsehjelp har vi brukt tilnærminga differanse-i-differansar. Resultata tyder på at dette helsetenestetilbodet har gunstige effektar på sjukefråværet, særleg for mellomlange fråvær, for menn og for sjukemelde med angstlidingar.
dc.description.abstractRegisterdataanalyse – sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherNORCE Norwegian Research Centreen_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleRegisterdataanalyse – sjukefråvær og fråfall frå arbeidsliveten_US
dc.title.alternativeRegisterdataanalyse – sjukefråvær og fråfall frå arbeidsliveten_US
dc.typeResearch reporten_US
dc.description.versionpublishedVersion
cristin.ispublishedtrue
cristin.fulltextoriginal
dc.identifier.cristin2269627


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Except where otherwise noted, this item's license is described as Navngivelse 4.0 Internasjonal