Registerdataanalyse – sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet
Research report
Published version
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3131182Utgivelsesdato
2024Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Kartlegginga av arbeidsretta tiltak blant sjukmelde viste at i perioden 1.1.2011-31.12.2018 var det 56937 tilfelle (4,3 prosent) der eit arbeidsretta tiltak tok til under sjukefråværet. Tiltaksmottakarane er gjennomsnittleg yngre, men elles negativt selekterte på ei rekkje bakgrunnskjenneteikn. Fylkes-tilknytning er ein viktig faktor for sannsynet for tiltak. Mange tiltak startar seint i sjukepengeforløpet. Regresjonsanalysen, der instrument-variabel-metoden (IV) og matching er brukt, viste seg å ikkje gje kausale estimat for effekten av tiltak. Det vi måler, er derfor assosiasjonar. Dei viser at å få eit arbeidsretta tiltak som startar under sjukemeldinga er assosiert med ugunstige utfall (lengre sjukemelding, større sannsyn for overgang til AAP, lågare sannsyn for å gå tilbake til den same jobben og til å vera i jobb året etter sjukemeldinga slutta). Det synest rimeleg å rekna med at seleksjon har påverka resultata i ugunstig retning. Analysen kan ikkje brukast til å konkludera om omfanget av tiltak bør endrast for denne gruppa. Effekten av tilgang til helsetenester har vi analysert både når det gjeld variasjon i ventetid, avviste tilvisingar og tilgang til Rask psykisk helsehjelp (RPH). I desse analysane har vi brukt ulike metodar. Resultata frå ein IV-analyse gjev oss grunn til å tru at lokale ventetider påverkar lengda på sjukefråværet for somme langtidssjukemelde med ein somatisk sjukemeldings-diagnose. Effekten er knytt til fråvær blant sjukemelde med L-diagnosar. I analysen av Rask psykisk helsehjelp har vi brukt tilnærminga differanse-i-differansar. Resultata tyder på at dette helsetenestetilbodet har gunstige effektar på sjukefråværet, særleg for mellomlange fråvær, for menn og for sjukemelde med angstlidingar. Registerdataanalyse – sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet