Leiarspenn og organisering: Samanhengar med sjukefråvær og turnover
Abstract
Prosjektet «Leiarspenn og organisering» vart på oppdrag for KS gjennomført av NORCE Samfunn, hausten 2019, med formål å skaffa til vegar kunnskap om leiarspenn, i tydinga talet på tilsette ein leiar har ansvaret for. Konkret har vi: - kartlagt leiarspenn gjennom å undersøkja korleis leiarspenn varierer etter kommunale og fylkeskommunale tenesteområde - analysert om det er nokon samanheng mellom leiarspenn, organisatorisk struktur, sjukefråvær og turnover - utforska korleis leiarar sjølve erfarer eige handlingsrom i utøvinga av leiarrolla, gitt talet på tilsette dei har personalansvar for, for tenesteområda barnehage og helse og omsorg.