Frå kraft versus natur til miljøvenleg energi? Norsk vasskraftpolitikk i eit hundreårsperspektiv
Abstract
Rapporten drøftar utviklinga av natur- og miljøvernproblematikk knytt til norsk vasskraftproduksjon i historisk perspektiv. Framstillinga dekkjer perioden frå dei store vasskraftutbyggingane tok til ved inngangen til det 20. hundreåret fram til i dag. Vi undersøkjer korleis konfliktlinene innanfor området har endra seg undervegs og kva historisk forankra konfliktar og institusjonelle løysingar har å seia for korleis vi forstår dagsaktuelle problemstillingar og krav om ein beredyktig vasskraft- og energipolitikk. Rapporten identifiserer ulike formative fasar i utviklinga. Drøftinga krinsar rundt kva diskursar og verdiar som har prega natur- og miljøvernproblematikken knytt til vasskraftproduksjonen og korleis dette har endra seg over tid. I rapporten gjer vi òg komparative sideblikk til Sverige, for å kontrastera den norske utviklinga.