Show simple item record

dc.contributor.authorEikeland, Ole Johan
dc.contributor.authorMidtbø, Vivian
dc.contributor.authorBlinkenberg, Jesper
dc.contributor.authorRaknes, Guttorm
dc.date.accessioned2024-07-05T06:38:32Z
dc.date.available2024-07-05T06:38:32Z
dc.date.created2024-07-04T13:34:40Z
dc.date.issued2024
dc.identifier.isbn978-82-8408-345-2
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3138460
dc.description.abstractÅret 2023 står fram som eit normalår i Vakttårnprosjektet etter at covid-19-pandemien gav stor pågang hos dei deltakande legevaktene i 2020 og 2021. Raten fall i 2022 (380,7 pr. tusen innbyggjarar), og gjorde det òg i 2023, til 330,4 kontaktar pr. tusen. Variasjonen mellom dei sju vakttårna er stor, men noko mindre enn i pandemiperioden. Høgast kontaktrate i 2023 hadde Austevoll legevakt, 637 pr. tusen innbyggjarar. Kvar tredje kontakt med vakttårna fekk telefonkonsultasjon med sjukepleiar som første tiltak (32,5 prosent), omtrent som i 2022; 47,9 prosent fekk konsultasjon lege, ein klar auke frå 2022. Igjen så ser vi endringar i responsfordelinga: Grøn respons utgjorde 53,7 prosent; 36,2 prosent av kontaktane fekk gul respons; 10,0 prosent raud respons. Delen grøn respons har med det minka; dei to andre har auka. Kjønnsfordelinga av kontaktane er som før, i overkant av femti prosent er kvinner (54,1 prosent i 2023). Aldersfordelinga endra seg ein del under pandemien. I 2023 steig kontaktane sin gjennomsnittsalder til 38,9 år, ein auke på 1,5 år sidan året før og det høgaste aldersgjennomsnittet nokon gong i Vakttårnprosjektet. Året 2023 gav ein klar nedgang i kontaktmengda i dei fem første vekedagane, og mengda auka relativt sett i helga, der 36,5 prosent av kontaktane i løpet av veka kom på laurdagar og sundagar. Ved å inkludere flyttbare helgedagar i dette, kom 40,0 prosent av kontaktane med vakttårna i 2023 i det som var helg. Direkte oppmøte ved legevaktene gjekk kraftig ned under koronapandemien, men auka litt att også i 2023, og utgjorde 5,8 prosent av kontaktmåtane. Legevakten i Arendal var i 2023 vakttårnet med størst del direkte oppmøte (6,9 prosent). Telefonisk kontakt frå pasient, pårørande eller omsorgsperson utgjorde omtrent akkurat tre av fire (75,8 prosent). Nær kvar tiande kontakt til vakttårna var frå helsepersonell (9,4 prosent), ein auke frå året før (8,8 prosent).
dc.description.abstractVakttårnprosjektet: Epidemiologiske data frå legevakt. Samlerapport for 2023
dc.language.isonno
dc.publisherNORCE Norwegian Research Centre
dc.relation.ispartofRapport (Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin)
dc.relation.ispartofseriesRapport (Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin)
dc.titleVakttårnprosjektet: Epidemiologiske data frå legevakt. Samlerapport for 2023
dc.title.alternativeVakttårnprosjektet: Epidemiologiske data frå legevakt. Samlerapport for 2023
dc.typeResearch report
dc.description.versionpublishedVersion
cristin.ispublishedtrue
cristin.fulltextoriginal
dc.identifier.cristin2281083
dc.source.issue3-2024


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record