Vakttårnprosjektet. Epidemiologiske data frå legevakt. Samlerapport for 2022.
Research report
Published version
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3072167Utgivelsesdato
2023Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Koronapandemien gjorde at kontaktraten ved legevaktene steig kraftig i åra 2020 og 2021, men raten gjekk ned att i 2022, og var 380,7 pr. tusen innbyggjarar (426,6 pr. tusen i 2021). Variasjonen i reduksjonen er stor mellom vakttårna sidan pandemien vart handtert så ulikt i kommunane som vakttårna utøver tenester for. Mistanke om covid-19 gjaldt 8,1 prosent av kontaktane i 2022; prøvetaking av korona utgjorde 6,5 prosent av første tiltak. Det meste av dette var konsentrert til første kvartal av 2022. Kvar tredje kontakt med vakttårna fekk telefonkonsultasjon med sjukepleiar som første tiltak (32,3 prosent); 41,6 prosent konsultasjon lege.
Pandemien gav endringar i responsratane og responsfordelingane, med særleg høg del grøn respons. Året 2022 normaliserte dette ein del. Grøn respons utgjorde 58,4 prosent; 32,7 prosent av kontaktane fekk gul respons; 9,0 prosent raud respons.
Pandemien endra ikkje kjønnsfordelinga av kontaktane med vakttårna, men endra aldersfordelinga ein del, ved at gjennomsnittsalderen steig i 2020, men fall i 2021. I 2022 auka han litt att og var 37,4 år.
Mengda kontakt med vakttårna i helga (laurdagar og sundagar) var relativt sett lågare under pandemien enn det vi har sett tidlegare, underforstått kontaktmengda var større enn vanleg på dei andre fem vekedagane. I 2022 auka kontaktmengda på sundagar og laurdagar att og 33,9 prosent av kontakt med vakttårna kom då. Inkluderer vi flyttbare helgedagar i dette, kom 36,5 prosent av kontakt med vakttårna 2022 i det som var helg.
Direkte oppmøte ved legevaktene gjekk kraftig ned under koronapandemien, men auka litt att i 2022 og utgjorde 4,1 prosent av kontaktmåtane. Alta kommunale legevakt er no vakttårnet med størst del direkte oppmøte (6,4 prosent). Telefonisk kontakt frå pasient, pårørande eller omsorgsperson utgjorde meir enn tre av fire (78,4 prosent). Omtrent kvar tolvte kontakt med vakttårna var frå helsepersonell (8,8 prosent).