Foreldrevurderingar og ny rammeplan: Brukarundersøkingar før og etter implementeringa av ny rammeplan for barnehagen
Abstract
Dette er ein undervegsrapport frå prosjektet «Evaluering av implementering av rammeplan for barnehagen». Rapporten er knytt til arbeidspakke 3: Forskjellar i kvalitet mellom barnehagar. Arbeidspakka er skal undersøka korleis foreldre vurderer kvaliteten på barnehagetilbodet – sentrale element i rammeplanen, føremål og innhald i barnehagen og samarbeid mellom foreldre og barnehage – før og etter implementeringa av den reviderte rammeplanen av 2017. Me nyttar Utdanningsdirektoratets foreldreundersøking kopla på barnehaganes statistikkinnrapportering frå åra 2016 til 2019.
Analysane våre stadfestar at foreldre til barn i norske barnehagar i gjennomsnitt er særs fornøgde med alle aspekt ved tenesta, også dei som ny rammeplan kan vera venta å påverka. Me finn ikkje støtte for å seia at implementeringa av rammeplanen representerer ei substansiell endring i tilfredsheit. Designet på denne studien gjer det også vanskeleg å trekka slutningar om årsaksforhold. Enkelte faktorar på kommune- og barnehagenivå – som kommunestorleik, (privat) eigarform og kostpengar – har statistisk signifikante samband med den totale tilfredsheita, men desse sambanda endrar seg ikkje substansielt etter implementeringa. Analyser av varianskomposisjonen syner også at delen variasjon i tilfredsheit som kan forklarast på kommune- og barnehagenivå, ligg stabilt over alle undersøkingsåra – før og etter implementeringa.