Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorGabrielsen, Sven-Erik
dc.contributor.authorSkår, Bjørnar
dc.contributor.authorVelle, Gaute
dc.date.accessioned2021-01-22T07:28:08Z
dc.date.available2021-01-22T07:28:08Z
dc.date.created2021-01-21T14:18:48Z
dc.date.issued2020
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2724194
dc.description.abstractI samband med rassikring av Riksveg 13, Vik-Vangsnes, som starta opp i desember 2017, har om lag 50 000 m3 jordmassar og om lag 72 000 m3 steinmassar frå Vetleøyri vorte plassert på Hesjasletta langsmed Vikja. Vidare har om lag 190 000 m3 stein frå Goteviktunnelen vorte plassert i eit mellombels deponi i Bøadalen nært Hopra. Begge massedeponia er oppstraums lakseførande strekning. I samband med planane om deponi vart det etablert eit nytt overvakingsprogram for fisk, botndyr og vasskjemi i begge elver for å kunne avdekka eventuelle effektar av anleggsarbeidet og deponia. Jamfør kontrakt har det vorte utført før, undervegs- og etterundersøkingar. For å overvake tettleik av ungfisk, vart det etablert fire nye elfiskestasjonar i Vikja i 2016. I tillegg vart det elfiska på det faste stasjonsnettet som har vore undersøkt sidan 2002. Tilsvarande vart det etablert fem nye stasjonar i Hopra i 2016, i tillegg vart også ein av dei 3 stasjonane som allereie var etablert i 2011 undersøkt. Undersøkingane har ikkje avdekka påverknad på ungfisk som skuldast deponia, verken i Vikja eller Hopra. Ein har funne variasjonar i tettleik av laks og aure mellom år i Vikja, men det ser ut som at desse variasjonane gjeld heile restfeltet og at stasjonane ved deponiet ikkje skil seg frå resten av restfeltet i Vikja. Det vart heller ikkje observert noko skilnad i tettleik på stasjonane som vart etablert oppstraums og nedstraums deponiet på Hesjasletta. Det vart registrert låg utvandring av smolt frå restfeltet i Vikja i 2018, men det er ikkje noko som tydar på at etableringa av deponiet har påverka dette. Resultatet skuldast truleg flaum som kan ha gjeve dødelegheit direkte eller at smolten har vorte spylt ut frå restfeltet. Tilsvarande låg utvandring fekk ein i 2015 etter flomsituasjon. Det vart registrert ein normal utvandring av smolt i 2019. Kvaliteten på leveområda for ungfisk i elvebotnen i Vikja vart undersøkt ved å ta skjulmålingar. Det vart ikkje avdekka endringar i habitatforholda i elva som kan tilskrivast deponiet. Skjulmålingar har vist nokre mindre endring over tid, men desse endringane skuldast truleg massetransport i vassdraget grunna flaum. Botndyrundersøkingar er også ein del av overvakingsprogrammet for Vikja og Hopra. Det vart teke sparkeprøvar etter botndyr oppstraums og nedstraums deponi i både Vikja og Hopra. I tillegg har NORCE LFI ein serie prøvar av botndyr samla i Vikja i tidsrommet 2005 - 2014 for samanlikning. For botndyr har vi undersøkt om det er effektar av avrenning frå deponiet på artssamansetjing, biologisk mangfald og økologisk tilstand målt med ASPTindeksen. Undersøkingane syner ingen tydeleg påverknad på botndyra i Vikja når det gjeld tilførsle av finsediment, eller biologisk mangfald og artssamansetjing. Det kan vera noko påverknad frå tilførsle av næringssalt (til dømes ikkje-omsett nitrogen frå sprengstoff), men dette har avgrensa påverknad. Vi anbefaler å følgje opp dette og ta nye prøver hausten 2020 for å undersøke den vidare utviklinga. I Hopra er det ingen påverknad på botndyra, NORCE Norwegian Research Centre AS www.norceresearch.no 5 verken frå tilførsle av næringssalt og finsediment, eller på biologisk mangfald og artssamansetjing. Det er teke to vassprøvar i Vikja og tre vassprøvar i Hopra månadleg i annleggsperioden, og Eurofins har teke seg av sending og analyse. Vassprøvane har ikkje overskride nokon av grenseverdiane som er sett, og ein har med det ingen målingar som tyder på at deponiet har hatt skadeleg avrenning på dei tidspunkta prøvane har vorte tekne.
dc.language.isomis
dc.publisherNORCE Norwegian Research Centre AS
dc.relation.ispartofLFI - Laboratorium for ferskvannsøkologi og innlandsfiske
dc.relation.ispartofseriesLFI - Laboratorium for ferskvannsøkologi og innlandsfiske
dc.titleOvervaking av fisk, botndyr og vasskjemi i samband med massedeponi ved Vikja og Hopra
dc.typeResearch report
dc.description.versionpublishedVersion
cristin.ispublishedtrue
cristin.fulltextoriginal
dc.identifier.cristin1876639
dc.source.issue366
dc.source.pagenumber43


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel