Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSkår, Bjørnar
dc.contributor.authorLehmann, Gunnar Bekke
dc.contributor.authorNormann, Eirik S.
dc.coverage.spatialSamnanger, Hordalandnb_NO
dc.date.accessioned2019-11-19T12:47:18Z
dc.date.available2019-11-19T12:47:18Z
dc.date.issued2014
dc.identifier.issn1892-8889
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2629299
dc.description.abstractLFI Uni Miljø har på oppdrag frå BKK gjort fiskebiologiske undersøkingar i Øvre og Nedre Dukavatn, Svartavatnet, Sotabotn, Kvitingsvatnet og Grønsdalsvatnet i slutten av august 2013. Lokalitetane hadde ein pH rundt 6 og like over. Dette kan karakteriserast som middels høg pH og vurdert etter klassifiseringssystemet i Vassforskrifta ligg både surleik (pH) og konsentrasjonen av labil/uorganisk Aluminium (LAl) i lokalitetane i klassene Særs God og God. I prøvar av dyreplankton var dei vanlegaste gruppene til stades og det var lite endring frå det som vart funne i tidlegare undersøkingar. Dyreplanktonsamfunnet er artsfattig i innsjøane og typisk for svakt bufra vasskvalitetar. Alle innsjøane og Sotabotn hadde i 2013 middels til svært tette bestander av aure som er sjølvrekrutterande. Det generelle biletet for innsjøane var at auren stagnerte tidleg i vekst og at kondisjonsfaktoren gjekk ned med aukande fiskelengde. Dette tyda på ein noko låg produksjon av store næringsdyr. Dette var også det generelle inntrykket frå resultata av analysen av mageprøvar, der det i dei fleste vatna var landinsekt og små næringsdyr som dominerte i dietten. Unntaket var Øvre Dukavatn der krepsdyr dominerte i dietten. Undersøkingar av gytemoglegheit og ungfisktettleik i elver og bekkar knytt til vatna sannsynleggjorde at mykje av gytinga skjer i innsjø, då det vart funne lite ungfisk av aure i tilløpsbekkane. I hovudsak var det berre i innløpsbekkane til Kvitingsvatnet, Grønsdalsvatnet og Nedre Dukavatnet det vart funne ein del ungfisk. Ein samla vurdering av dei undersøkte lokalitetane tilseier at det er til stades god vasskvalitet og eit minimum av moglegheiter for rekruttering, oppvekst og spreiing for viktige artar i magasina. Med dette vil desse sterkt modifiserte vassførekomstane fylle kriteria som er sett i vassdirektivet for å nå statusen «godt økologisk potensial».nb_NO
dc.description.sponsorshipBKKnb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherUni Research Miljønb_NO
dc.relation.ispartofLFI - Laboratorium for ferskvannsøkologi og innlandsfiske
dc.relation.ispartofseriesLFI - Laboratorium for ferskvannsøkologi og innlandsfiske
dc.subjectaurenb_NO
dc.subjectreguleringsmagasinnb_NO
dc.subjectprøvefiskenb_NO
dc.subjectgytemoglegheitnb_NO
dc.titleFiskeundersøkingar for BKK i Øvre- og Nedre Dukavatn, Svartavatnet, Sotabotn, Kvitingsvatnet og Grønsdalsvatnet 2013nb_NO
dc.typeResearch reportnb_NO
dc.source.issueLFI-232nb_NO
dc.source.pagenumber30nb_NO
dc.subject.nsiNaturvitenskapnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

  • LFI rapportserie [354]
    Rapporter fra Laboratorium for ferskvannsøkologi og innlandsfiske (LFI)

Vis enkel innførsel