Økosystema i ferskvatn langs planlagt gong- og sykkelveg ved fv.57 i Lindås
Research report
View/ Open
Date
2015Metadata
Show full item recordCollections
- LFI rapportserie [378]
Abstract
Statens vegvesen skal utarbeide reguleringsplan for gong- og sykkeltiltak langs vestsida av fv.57 i Lindås kommune. I denne rapporten gjer vi ein kvalitativ vurdering og beskriving av verknader av planane for økosystem knytt til vatn.
Undersøkinga inkluderer Skodvinstjørnet, Skodvinstvatnet, Kanalen mellom Skodvinsvatnet og Gaulevatnet, Gauleelva, Eidsvatnet og våtmark knytt til Eidsvatnet. Vi fann inga raudlista eller sjeldne artar av botndyr ved lokalitetane. Naturtypane ved dei undersøkte førekomstane av vatn i Lindås er heller ikkje raudlista. Viktige overvintringshabitat for fugl i dei rennande delane av vatna, samt områder med våtmark i tilknyting til vatna, bør bevarast. Når det gjeld økologisk tilstand er Gauleelva klassifisert på grensa mellom «God» og «Moderat». Dette vil sei at det kan vera mogleg tilførsle av gjødslande stoff, til dømes frå landbruk. For at økologisk status ikkje skal minke bør ein derfor sørgje for at næringssalt ikkje spreiast under anleggsfasen. Ein bør også redusere utslepp av finsediment. Ein kvalitativ vurdering av botndyra i resten av vatna indikerer normale økologiske førehald.
I Skodvinstjørnet er nivå av PAH høgt og tilsvara grensa mellom klasse III ”Moderat” og klasse II ”Dårlig”. Dersom det er fare for oppmudring og spreiing av sediment frå Skodvinstjørnet under bygging av ny gang- og sykkelveg, må ein først finne kor omfattande forureininga er. Innhaldet av andre miljøgift i dei undersøkte vatna visar god kjemisk tilstand.
Ein ny gang- og sykkelveg vil mest sannsynleg ikkje minke verdien til økologiske status i dei undersøkte vatna. Likevel bør ein merke seg at naturen i ferskvatn og våtmark har redusert tilstand for mange lokalitetar i Noreg. Det inneber at alle inngrep i ferskvatn bør vera skånsame.