Økosystema i ferskvatn langs fv.57 mellom Lindås og Mongstad
Research report
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2629068Utgivelsesdato
2015Metadata
Vis full innførselSamlinger
- LFI rapportserie [378]
Sammendrag
Statens vegvesen skal utarbeide reguleringsplan for gong- og sykkelveg på austsida av fv.57 samt forbetring av fv.57 (til U-H4 standard) mellom Lindås tettstad og Mongstad (ca. 11 km) i Lindås kommune. I denne delrapporten gjer vi ein kvalitativ vurdering og beskriving av verknader av planane for økosystem knytt til vatn. Undersøkingar vart utført ved Dalselva, Hopsvatnet, Tjukkhetlevatnet og i innløpsbekkane til Tjukkhetlevatnet.
Vi fann inga raudlista eller sjeldne artar av botndyr ved lokalitetane. Når det gjeld økologisk tilstand har den eine innløpsbekken til Tjukkhetlevatnet klasse tilsvarande «Moderat». Dette vil sei at det kan vera tilførsle av gjødslande stoff. For at økologisk status ikkje skal minke bør ein derfor sørgje for at næringssalt ikkje spreiast under anleggsfasen. Ein kvalitativ vurdering av botndyra i resten av vatna indikerer normale økologiske førehald. I Hopsvatnet og området rundt er det fleire raudlista fugl (grashoppesongar, vassrikse og songsvane) som tilseier at anlegg og drift ikkje bør ha innverknad på vatnet. I tillegg er det anadrom fisk i Hopsvassdraget, noko som tilseier at avrenning til Dalselva, og spesielt avrenning som inneheld finsediment (sand, silt og leire), ikkje bør førekoma under byggefasen eller i driftsfasen. Som avbøtande tiltak både for fugl og anadrom fisk kan ein syta for at fasen med anlegg ikkje skjer om våren, samt forbetre eksisterande kulverter. Naturtypane ved dei undersøkte førekomstane av vatn i Lindås er ikkje raudlista. Naturen i ferskvatn har likevel redusert tilstand for mange lokalitetar i Noreg. Det inneber at alle inngrep i ferskvatn bør vera skånsame. I Hopsvatnet er nivå av PAH høgt og tilsvara klasse III ”Moderat”. Dersom det er fare for oppmudring og spreiing av sediment frå Hopsvatnet under bygging og drift, må ein først stadfeste kor omfattande denne forureininga er. Innhaldet av andre typar miljøgift i dei undersøkte vatna visar god kjemisk tilstand.