Overvaking av fisk, botndyr og vasskjemi i samband med planlagt massedeponi ved Vikja og Hopra
Research report
View/ Open
Date
2018Metadata
Show full item recordCollections
- LFI rapportserie [378]
Abstract
I samband med rassikring av Riksveg 13, Vik-Vangsnes, som starta opp i desember 2017, skal tunnelmassar plasserast i Hesjedalen langs Vikja og i eit mellombels deponi i Bøadalen nært Hopra. Begge massedeponia er oppstraums lakseførande strekning. I samband med desse planlagde massedeponia vart det etablert eit nytt overvakingsprogram for fisk, botndyr og vasskjemi i begge elvane for a kunne påvise eventuelle effektar av anleggsarbeidet og deponia. I fylgje kontrakt skal det gjerast for, undervegs- og etterundersøkingar. Denne rapporten viser tilstanden av fisk og botndyr i begge elvane, og omtalar vidare førprøvar av utvalde vasskjemiske parameter.