Kilenotovervåking med uttak av rømt fisk i Osterfjordsystemet 2017
Research report

View/ Open
Date
2018Metadata
Show full item recordCollections
- LFI rapportserie [388]
Abstract
Rømt oppdrettslaks er vurdert som ein alvorleg trugsel for dei norske villaksbestandane. Årleg vert det sett i verk ei rekkje tiltak for a hindre rømt fisk frå å gyta med villaksen. Tiltaka omfattar fleire metodar i elv. Fyrst og fremst utfisking med stong, men og harpunering, garnfangst og notkast vert nytta. I denne rapporten brukar vi ein tidsserie frå kilenotfangstar i Vossoprosjektet frå åra 2000 til 2017 for å vurdere utvikling i innsig og andel av rømt oppdrettslaks inn til Osterfjordsystemet i Nordhordland. Fangstane er basert på bruk av kile og sitjenøter på fleire stasjonar inkludert ved Trengereid i Sørfjorden og på strekningen Stamnes-Bolstad fjorden. Nøtene ligg difor i innvandringsruta for Vossolaksen og føremålet med notfiske har vore a registrere innsig av villaks, merka villaks som inngår i kultivering og forsøk, rømt oppdrettslaks og rømt regnbogeaure. I tidsserien er det totalt registrert 988 rømt oppdrettslaks i notfiske ved Trengereid og tilsvarande 752 på strekninga Stamnes-Bolstadfjorden. For sesongen 2017 var talet rømt oppdrettslaks på dei to stasjonane høvesvis 30 og 6. I heile tidsserien viser utviklinga ein klar reduksjon i andelen rømt fisk i fangstane frå 2011 da innsiget av villaks var aukande men også talet på rømt oppdrettslaks har vore lægre på begge stasjonane dei siste åra.