Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorChristiansen, Øivin
dc.contributor.authorHavik, Toril
dc.contributor.editorHavnen, Karen J. Skaale
dc.date.accessioned2024-04-09T13:11:06Z
dc.date.available2024-04-09T13:11:06Z
dc.date.created1999-02-25T00:00:00Z
dc.date.issued1998
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3125556
dc.description.abstractBarnevernets Utviklingssenter på Vestlandet gjennomførte våren 1996 ei omfattande kartlegging av barneverntenesta sine beslutningar i meldings- og undersøkingssaker ved 4 bydelar i Bergen. Undersøkinga har inngått i forskningsprosjektet "Når gir barnevernet hjelp", som er finansiert av Norges Forskningsråd gjennom delprogrammet "Evaluering av velferdslovane". Hovudsiktemålet for prosjektet har vore å kartleggja barneverntenesta sitt beslutningsgrunnlag i meldings- og undersøkingssaker; kva faktorar har blitt tillagt vekt, korleis har desse faktorane blitt vekta mot kvarandre, og korleis har faglege vurderingar blitt vekta opp mot lovens intensjonar og bestemmelsar. Utgangspunktet for undersøkinga har vore ei kartlegging av saker melde til barneverntenesta og kjenneteikn ved sakene, sett i forhald til dei faktiske beslutningane som har blitt fatta. I tillegg har det blitt registrert tidsbruk i sakene, og i kva grad familien og ulike samarbeidspartnarar har blitt trekte inn i undersøkingsarbeidet. På dette grunnlaget har saksbehandlarar blitt intervjua om dei vurderingane som låg til grunn for dei beslutningane som vart fatta. Data frå kartleggingsdelen har blitt behandla kvantitativt, medan intervjudata har blitt behandla kvalitativt. Den føreliggjande rapporten presenterer hovudfunn fra den kvantitative analysen av datamaterialet, med vekt på å skilja ut faktorar og forhald som synest å verka inn på dei beslutningane som har blitt fatta i meldings- og undersøkingsfasen. Resultata fra den kvalitative analysen av datamaterialet blir presentert i eigen rapport (Christiansen, Havnen og Havik 1998).
dc.language.isonno
dc.publisherBarnevernets utviklingssenter på Vestlandet
dc.relation.ispartofSkriftserien - Senter for kvinne- og kjønnsforskning, Universitetet i Bergen
dc.relation.ispartofseriesSkriftserien - Senter for kvinne- og kjønnsforskning, Universitetet i Bergen
dc.titleNår gir barnevernet hjelp? Kartlegging av barneverntenesta sine beslutningar i meldings- og undersøkingssaker
dc.title.alternativeNår gir barnevernet hjelp? Kartlegging av barneverntenesta sine beslutningar i meldings- og undersøkingssaker
dc.typeResearch report
dc.description.versionpublishedVersion
cristin.ispublishedtrue
cristin.fulltextoriginal
dc.identifier.cristin316267
dc.source.issue2
dc.source.pagenumber50


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel