Eit skilt som prøver å vera eit skilt. Om kunstproduksjon i samarbeid mellom små og store vesen.
Peer reviewed, Journal article
Published version
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2658256Utgivelsesdato
2020Metadata
Vis full innførselSamlinger
Originalversjon
10.7577/information.3913Sammendrag
I kunst- og forskingsprosjektet Samarbeid mellom små og store vesen samarbeida ei gruppe born og ein kunstnar om å skapa eit kunstverk. Intensjonen med prosjektet var å utforska om likeverd og horisontalitet i kunstproduksjon beståande av asymmetriske relasjonar er mogleg. Med bakgrunn i deltakande observasjon, intervju og fotodokumentasjon drøfter artikkelen ulike former for samarbeid som viste seg i kunstproduksjonsprosessen, og kunstverket som kom ut av samarbeidet. Utforskinga av om likeverd og horisontalitet er mogleg i samarbeid mellom store og små i kunstproduksjon syner at forsøka enda nettopp som forsøk på horisontalitet, snarare enn faktisk horisontalitet. Artikkelen diskuterer vidare korleis prosess og resultat kan vurderast i deltakarbaserte kunstprosjekt generelt, og i dette prosjektet spesielt. Erfaringar frå Samarbeid mellom små og store vesen indikerer ei gjensidig avhengigheit mellom estetiske og sosiale aspekt. Artikkelen problematiserer difor om det estetiske let seg skilja frå det sosiale i kvalitetsvurderingar, mellom anna med referanse til Claire Bishop, Grant Kester og David Bell.