Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHunskår, Steinar
dc.contributor.authorRaknes, Guttormeng
dc.date.accessioned2015-11-27T09:53:41Z
dc.date.accessioned2020-12-10T06:27:24Z
dc.date.available2015-11-27T09:53:41Z
dc.date.available2020-12-10T06:27:24Z
dc.date.issued2015
dc.identifier.citationRaknes G, Hunskår S. Ein studie av innføring av nasjonalt legevaktnummer 116117 i utvalde legevakter. Rapport nr. 5-2015. Bergen: Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin, Uni Research Helse, 2015eng
dc.identifier.isbn978-82-92970-93-5
dc.identifier.issn1891-3474
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/10679
dc.description.abstractNasjonalt legevaktnummer 116117 vart tatt i bruk i heile Noreg 1. september 2015. Føremålet er mellom anna å gjere det lett å få fatt i legevakt uansett kor ein måtte vere, og å medverke til meir riktig bruk av naudnummera. I samband med innføringa av 116117 var det ingen sentrale befolkningsretta informasjonskampanjar. Vi vil i denne rapporten undersøkje i kor stor grad det nye nummeret har blitt teke i bruk dei to første månadane, og om det påverka legevakttrafikken totalt sett. Vi har også forsøkt å identifisere faktorar som er assosierte med høg eller låg bruk av 116117. Datagrunnlaget er ei 3 månaders utviding av Vakttårnprosjektet, eit nettverk av åtte legevakter med 18 kommunar som kontinuerleg registrerer all aktivitet for Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin (Nklm). Medarbeidarane ved Vakttårnlegevaktene har registrert kva for telefonnummer som vart nytta i tillegg til ei rekkje relevante opplysingar om kontakten. Vakttårna fekk ekstra økonomisk kompensasjon for å delta. I dei to første månadene etter innføringa av nasjonalt legevaktnummer hadde 32,8 % av alle førespurnader og 45,1 % av alle publikumstelefonar til Vakttårna 116117 som kontaktform. I dei første vekene var det ein auke i tal på telefonkontaktar, men endringa ser ut til å vere forbigåande. Det var ingen auke i den delen 116117 utgjorde av kontaktane i prosjektperioden. Alder, kjønn, hastegrad eller tid på døgnet var ikkje assosiert med høg eller låg bruk av 116117. Pasientar med annan heimkommune nytta 116117 meir enn innbyggjarane i legevaktdistriktet. Det var stor variasjon i bruken mellom legevaktene. Resultata frå denne rapporten viser at 116117 i løpet av dei første to månadene har blitt ein viktig, men ikkje dominerande kontaktform for legevakt. Det gamle legevaktnummeret blir framleis brukt like mykje, og det var ikkje teikn til aukande bruk av 116117 i løpet av prosjektperioden. Variasjonen i bruken av 116117 mellom Vakttårnlegevaktene er stor. Ulik marknadsføring i dei ulike kommunane før innføringa kan vere ei viktig forklaring. Nklm tilrår ein ny informasjonsstrategi i regi av sentrale styresmakter for å auke kunnskapen om dei ulike naudnummera, inkludert 116117. Dette vil styrke legevakta som telefonteneste og vil sikre ei meir rett bruk av dei andre naudnummera.en_US
dc.language.isonnoeng
dc.publisherUNI Research Helseeng
dc.relation.ispartofseriesRapport nr. 5-2015
dc.titleEin studie av innføring av nasjonalt legevaktnummer 116117 i utvalde legevaktereng
dc.typeResearch reporteng
dc.rights.holderCopyright the author. All rights reserved.eng
dc.identifier.cristin1295552
dc.subject.nsiVDP::Medisinske Fag: 700::Helsefag: 800


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel