Show simple item record

dc.contributor.authorEikeland, Ole Johan
dc.contributor.authorRaknes, Guttorm
dc.contributor.authorHunskår, Steinar
dc.date.accessioned2017-08-07T07:33:55Z
dc.date.accessioned2020-12-10T06:27:05Z
dc.date.available2017-08-07T07:33:55Z
dc.date.available2020-12-10T06:27:05Z
dc.date.issued2017-06
dc.identifier.isbn978-82-8361-000-0
dc.identifier.isbn978-82-8361-001-7
dc.identifier.issn1891-3474
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/16224
dc.description.abstractRapporten viser at vakttårnregistreringane underestimerer tal kontaktar samanlikna med tal rekningskort i Helfo. Dei sju vakttårna har samla sett hatt ratenedgang dei siste seks åra, inkludert året 2016, der totaltraten vart 317,0 kontaktar pr. tusen innbyggjarar. Nedgangen gjaldt fire av vakttårna; tre hadde ein auke. Kjønns- og aldersfordeling er eit svært så stabilt trekk ved kontaktane med legevaktene, sjølv om også 2016 gav ein auke i aldersgjennomsnittet, til det eldste nokon gong i vakttårnprosjektet. Det at det finnest variasjon mellom vakttårna når det gjeld alders- og kjønnsfordeling er også eit stabilt trekk etter ti år med registreringar. Fordelinga over dei sju dagane og fordeling over døgeret er også stabile trekk ved kontakt med legevaktene. Laurdagar og sundagar, og ettermiddag og kveld gir størst aktivitet hos vakttårna, men aktiviteten i helga har gått litt ned dei tre siste åra. Kontaktmønsteret har endra seg ein del dei siste tre åra etter at Legevakta i Tromsø søkjer å få folk til å ringje legevakta for å få oppmøtetid i staden for at dei møter opp direkte, som har vore vanleg der. Dette er ei organisasjonsendring hos eitt av vakttårna som har gitt endringar i totaltala for alle sju. Den store nedgangen i kontaktraten frå folk i Solør i 2014 stabiliserte seg på same nivået i 2015, men kontaktraten gjekk endå meir ned i 2016. Dette er også noko som er skapt av ei organisasjonsendring. Nedgangen tok til då Solør legevakt og alarmsentral vart lagt ned, og innbyggjarane i dei tre solørkommunane fekk lenger veg til legevaktene, i Elverum og Kongsvinger. Responsfordelinga har endra seg i alle åra med registreringar i vakttårna, ikkje minst vakttårnvis og frå år til år. Året 2016 står likevel totalt sett fram som stabilt samanlikna med året før. Registreringane viser ein del endring i tiltaka ved legevaktene. Først og fremst gjeld det ein auke i telefonråd frå sjukepleiar og nedgang når det gjeld konsultasjon med lege. Vakttårna varierer mykje seg i mellom her, også i 2016. Kontaktårsak (ICPC-2-kode) har med året 2016 vore registrert i tre år. Desse tre åra viser ikkje store skilje når det gjeld alle vakttårna under eitt, men ein del variasjon når det gjeld dei enkelte vakttårna er å sjå.en_US
dc.language.isonnoeng
dc.publisherNasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin, Uni Research Helseeng
dc.relation.ispartofseriesNasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin; rapport nr. 4-2017
dc.subjectKontaktårsakeng
dc.subjectHastegradeng
dc.subjectKontakrateeng
dc.subjectICPC-kodereng
dc.titleVakttårnprosjektet. Epidemiologiske data frå legevakt. Samlerapport for 2016eng
dc.typeResearch reporteng
dc.description.versionpublishedVersion
dc.identifier.cristin1481150


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record