Vakttårnprosjektet. Epidemiologiske data frå legevakt. Samlerapport for 2020
Research report
Published version
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2771061Utgivelsesdato
2021Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Koronapandemien prega også vakttårna i 2020. Kontaktraten steig kraftig, til 397 pr. tusen innbyggjarar (363 pr. tusen i 2019), men variasjonen mellom vakttårna var stor. Legevaktene i Arendal, Kvam og Nes drog raten opp. Variasjonen kjem av at pandemien vart handtert ulikt i dei kommunane som legevaktene høyrer til. Frå og med mars månad og ut året gjaldt 27,9 prosent av kontaktane mistanke om covid-19. Månadene mars, august, september, oktober og november var dei mest hektiske i så måte.
Pandemien gav også endringar i responsratane og fordelingane, der grøn respons auka og utgjorde to av tre, medan gul respons vart redusert og gjaldt kvar fjerde. Prosjektgruppa la til eit nytt legevaktstiltak i registreringane frå 20. mars. Etter det utgjorde prøvetaking av korona 18,1 prosent av tiltaka, men variasjonen mellom vakttårna var stor også der. Igjen var det legevaktene i Arendal, Kvam og Nes som utmerka seg med ein høgare del prøvetaking enn dei fire andre vakttårna.
Kjønnsfordelinga er stabil, men pandemien gav endringar i både aldersfordelinga og aldersgjennomsnittet. Aldri før har legevaktkontaktane i Vakttårnprosjektet hatt ein høgare alder, 38,4 år i gjennomsnitt, men det gjaldt ikkje alle vakttårna. Kvam legevakt hadde ein kraftig reduksjon i aldersgjennomsnittet pga. lokale forhold ved pandemien. Vi ser elles at vakttårna har hatt ein større del kontakt frå alderssjiktet 30 til 60 år enn tidlegare, noko som har gitt bidrag til lågare variasjon i aldersfordelinga.
Tendensen dei siste åra, med synkande prosentdelen av kontaktane som kjem i helga, held fram. Berre 30,5 prosent av kontaktane kom i 2020 i helga (35,6 prosent i 2019). Ettersom kontaktvolumet har auka treng ikkje det bety at legevaktene har hatt det rolegare i helgane.
Dei fleste legevaktene (også i samarbeid med aktuelle kommunar) innførte strenge kontrolltiltak for å hindre at smitte kom inn på sjølve legevaktene, t.d. med å ha teststasjonar på utsida eller testsenter vart oppretta andre stader. Med det gjekk direkte oppmøte ved legevaktene kraftig ned, og gjaldt 4,1 prosent året under eitt; berre 2,8 prosent frå og med mars. (Direkte oppmøte utgjorde 13,2 prosent i 2019.) Raten telefonkontakt frå pasient, pårørande eller omsorgsperson var 311,4 pr. tusen innbyggjarar, og utgjorde 78,7 prosent av måtane det vart tatt kontakt på.