Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorGrønstad, Line
dc.contributor.authorHjemdahl, Kristin Mathiesen
dc.date.accessioned2023-12-19T14:33:05Z
dc.date.available2023-12-19T14:33:05Z
dc.date.issued2010
dc.identifier.issn0808-5544
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3108256
dc.description.abstractI denne rapporten har vi, med utgangspunkt i gode eksemplar andre stader, litteratur på feltet, samtale med ei fjerdeklasse, og ein workshop med tjuetre deltakarar frå relevante aktørar på Sørlandet, sett på ulike vinklingar til korleis eit maritimt opplevingssenter i Nodeviga, i regi av Vest‐Agder‐museet, kan gjerast. Innspela er sett opp mot moderne museumstrendar, der utstillingsprodusentane er meir synlege, det er meir aktivitet og mindre reint visuelle framstillingar, auka fokus på makt og politikk implisitt i musea, inkludering av marginaliserte grupper, auka brukarmedverknad og at musea er synlege i samfunnet ved å ta stilling i kontroversielle saker. Museet har som visjon å vere grensesprengande, og vi tek opp korleis ein kan vere det i eit maritimt opplevingssenter. Hamna Nodeviga, der senteret er tenkt å vere, er på ei øy, som ligg i ein region, og som er del av verda. Vi argumenterer vidare for å heller sjå staden som knutepunkt i staden for del av eit geografisk avgrensa område, noko som i større grad gjer mange kulturmøte mogleg, og i større grad skildrar måten hamna og staden blir brukt. Dei som kjem til museet er del av desse kulturmøta, og korleis arbeide med utvikling og involvering av publikummet er ein viktig del av arbeidet til eit museum. For å auke besøksopplevinga og for å kunne arbeide grundig med temaet opplevingssenteret tek for seg, argumenterer vi for å spisse. Eit tema som peikar seg ut i så måte er kapertemaet, som kan vere utgangspunkt for eit visuelt opplevingssenter frå ei tid der svært mykje skjedde. Det vil også kunne fungere som eit knutepunkt som gjer det mogleg å trekke linjer til moderne tid og til andre stader. Aktivitetar er viktige på eit museum, og vi foreslår nokre, men det viktige er at dei er forankra i temaet som opplevingssenteret tek for seg. Bygningane som blir sett opp på staden må sjølvsagt tilpassast temaet, men dei må også vere tilpassa formidlinga til museet. Å lage midlertidige utstillingar som er linka til temaet, men frå andre stader eller tider, bør gjerast mogleg, og visuelt skiljast vekk, slik at gjesten merkar endringa. Mykje teknologi er tilgjengeleg, både i utstillingane og til bruk før og etter besøket. Dei kan også legge igjen kommentarar og anbefale andre å besøke museet. Slike tilbakemeldingssystem må vere gjort moglege i tilknyting til senteret, og må systematisk utviklast slik at dei blir respondert på. Denne informasjonstilgangen bør utgjere ein vesentlig del av museet sitt permanente vidareutviklingsarbeid.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherAgderforskningen_US
dc.titleGrensesprenging i vasskantenen_US
dc.typeResearch reporten_US
dc.source.pagenumber59en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel