Klimathon: Utfordringar og mogelege løysingar for lokal klimatilpassing i Noreg
Research report
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3090839Utgivelsesdato
2018Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Dette er ein rapport om arbeidet med å arrangere Klimathon2018, samt analyse og resultat frå gruppearbeidet på arbeidsseminaret. Rapporten beskriv korleis Klimathon2018 vart planlagt og gjennomført til inspirasjon for liknande samarbeidsformer rundt klimatilpassing i framtida. Rapporten presenterer og analyse av og resultat frå gruppearbeidet som seier noko konkret om behov, utfordringar og mogelege løysingar kommunane har når det kjem til planlegging og gjennomføring av klimatilpassing lokalt. Klimathon2018 er eit samarbeid knytt til prosjekta HordaKlim, HordaPlan, R3 – Relevant, reliable and robust local-scale climate projections for Norway, HordaFlom og Norsk Klimaservicesenter (KSS), der forskarar frå UniResearch Klima/NORCE Klima, UniResearch Rokkansenteret/NORCE, Universitetet i Bergen v/ Senter for klima og energiomstilling (CET), NVE, Meteorologisk Institutt og Bjerknessenteret samarbeider med aktuelle aktørar frå kommunar, fylke, samt ei rekke andre organisasjonar.