dc.description.abstract | IRIS har gjennomført ei kartlegging av den betydning prosessbedrifter i Hardanger, Sunnhordland, Haugalandet og Ryfylke har for samfunnet rundt. Kartlegginga har tatt utgangspunkt i følgjande to problemstillingar: i) kva prosessbedriftene betyr for samfunnet rundt, lokalt og regionalt og ii) kva styrken og omfanget er av økonomiske og kunnskapsmessige koplingar mellom prosessbedriftene og annan privat og offentleg verksemd.
Sysselsetjing
Trass i at bedriftene i undersøkjinga utgjer ein viss del av den lokale arbeidsmarknaden, spelar dei ei mindre rolle som arbeidsgivarar i dag enn kva dei gjorde tidlegare. Fleire av bedriftene er den største arbeidsgivaren i kommunen bortsett frå kommunen sjølv, men likevel utgjer nokre av verksemdene ein relativt liten del av arbeidsmarknaden i kommunen. Ei samanlikning av tal på tilsette i bedriftene og tal på sysselsette med arbeidsplass i kommunane viser at bedriftene utgjer frå fem til femten prosent av arbeidsmarknaden i sine kommunar. Dette er den direkte verknaden på sysselsettinga i kommune. | en_US |