Fiskebiologiske undersøkingar på strekninga Fennefoss-Hodne i Otravassdraget
Research report
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2630373Utgivelsesdato
2006Metadata
Vis full innførselSamlinger
- LFI rapportserie [360]
Sammendrag
I Otra mellom Byglandsfjorden og Kilefjorden er det stor interesse for næringsfiske mellom nokon grunneigarar som driv det som attåtnæring. Tidlegare, i perioden frå ca. 1950-1985, var iveren til å fiske meir laber, og fiskebestandane var blitt overtalige fleire stader. Auren var då karakterisert ved at den var småfallen og mager grunna dårleg vekst, og den var hardt parasittart, med andre ord var auren då lite eigna til matfisk. Det gjorde at eit utfiskingsprosjekt vart sett i gang i 1988 og har pågått sammenhengande på nokre av lokalitetane heilt fram til i dag. I den første perioden var det vesentleg ovanfor Fennefoss innsatsen vart gjort. Seinare vart fokus sett nedanfor Fennefossen, ved Breiflå, Moisund og Hodne, som er strekninga denne undersøkinga i hovudsak omhandlar. I denne rapporten har det blitt lagt vekt på å beskriva korleis utfiskinga har endra muligheitene for næringsfiske. Denne vurderinga vert basert på dei fiskebiologiske resultata i prosjektet og gjeldande kriterium for sal av innlandsfisk.