Marinbiologisk problemkartlegging i vassområdet Nordfjord i 2013
Abstract
Uni Research Miljø, seksjon for anvendt miljøforskning – marin del har på oppdrag frå Vassområde Nordfjord ved Gloppen kommune gjennomført marinbiologisk problemkartlegging i kystvassområder i Nordfjord. Rapporten omfattar undersøkingar av oksygeninnhald i botnvatn, partikkelfordeling og glødetap i sediment, miljøgift i sediment, botnfauna og semi-kvantitativ strandsoneundersøking. Totalt er det samla prøvar av mjukbotn frå 12 stader i kommunane Gloppen, Vågsøy, Selje og Eid. Det blei også gjennomført semi-kvantitativ strandsoneundersøking på 12 stadar i dei same kommunane, i tre områder i kvar kommune.