Hardanger som småkraftregion: Frå industrikraft til kortreist kraft
Abstract
Sidan 2007 har energi- og kraftpolitikk i Hardanger vore synonymt med «Monstermast-saka» , som nådde eit klimaks i 2010. Då hadde det vore strid om sentralnettlina mellom Simadalen og Samnanger heilt sidan Statnett byggemeldte kraftlina i 2005. I 2010 var monstermastsaka den fjerde største mediesaka i Noreg (Ruud, Haug og Lafferty 2011). Ei av dei mest kjensleladde kontroversane handla om kraftlina skulle strekkast i jorda eller vere synleg i landskapet (Hansen 2012). Men i skuggen av Monstermaststriden har det også skjedd ei anna utvikling som har sett preg på landskapet i Hardanger: Småkraftutbygginga har skote fart.